torsdag 8. oktober 2009

Kom og bli med oss til Fiskeland...

Fram og tilbake - fram og tilbake.

Kom og bli med oss til Fiskeland.
Vi hoppar i båten og dreg ifrå strand.

Vi set oss på tofta og ror og ror,

og snart er vi der som fisken bor.

Slik begynner den flotte historia i boka; Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik. Vi er glade for å kunne presentere denne klassikaren av ei barnebok på nytt, 30 år etter at den forrige utgåva vart gitt ut. Hatlehols som stend for trykkinga av boka, vil redigitalisere fargane i boka, slik at leseopplevinga blir endå betre. Vi gler oss til å få vise fram boka Det hende i Taremareby på lanseringsdagen 10.november.Det er mogleg å skrive seg på bestillingslista hos Bok & Papir i Brattvåg, for dei som ønskjer det. Du kan også bestille boka på http://www.bokbra.no/ Her kjem nokre smakebitar på kva de har i vente, og bileta er henta frå den originale utgåva frå 1979. (Klikk på bileta, dersom du vil sjå dei på nært hald.)


Den rare, flate flyndrefamilien

Flyndre-Flat og Flyndre-Flink gøymer seg for den store skuggen

Krabbe-Krølle med Tarefela og Flyndre-Fanten

Flyndre-Fanten ansa ingen ting før han dansa rett inn i kloa til Krabbe-Krølle. Og der sat han fast som i ei saks.

Bakerst i boka finn de også notar til nokre av sangane